Bokomtale i tidsskriftet Sykepleien 11/2012 s. 68

Gir godt innblikk

ANMELDELSE: Boka Ei brå vending er skreven og illustrert av Beathe Reiert Nilsen, som fekk diagnosen MS i voksen alder. MS er ein betennelsesjukdom i sentralnervesystemet. Sjukdommen rammar ulikt frå få, ikkje synlege funksjonshemmingar, til alvorlege funksjonshemmingar og uførheit.

I første del av boka skriv Nilsen om tida før ho fekk diagnosen, om ventetida før ein fann ut kva som gjorde at ho følte seg så sliten, mista balanse og falt. Og om tida etter diagnosen og følelsen av at kroppen svikter, og «forfallet», som ho kaller det.

Bileta hennar illustrerer fint og underbygger det ho fortel om på ein fin måte. Boka tek for seg korleis det kan vere å verte ramma av ein så alvorleg sjukdom. Korleis livet stoppar opp og tek ei heilt anna vending enn ho hadde sett føre seg. Ho skriv om sorga over å miste funksjonar, jobben sin og rollene sine. Om fatique som gjorde at ho følte seg energilaus. Fatique er ein tilstand av kronisk utmattelse. Ho beskriv også korleis ho strevar med å opprettholde følelsen av verdigheit i møte med det offentlege og andre, og om «maskene» ho brukar for å skjule seg sjølv og det som er vanskeleg.

I andre del tek ho for seg måtar å mestre sjukdommen på, kva ho har prøvd og korleis det har hjelpt henne. Der er også eit kapittel som er direkte retta mot fagfolk, der ho skriv om korleis det er å vere pasient i møte med eit fagmiljø. Ho vektlegg her kor viktig brukarmedvirking er og korleis det er å verte møtt av fagpersonar som ikkje ser henne som menneske, og å måtte skifte legar og forklare om symptom for ente gang.

Eg synest boka er lettlest og gir eit godt innblikk i korleis det kan vere å få ein slik alvorleg sjukdom. Boka er skreven ut i frå dagboknotat og ber preg av det. Den er oversiktleg og deter lett å finne tilbake til emne som ein får lyst til å lese ein gong til. Eg trur det kan vere ei nyttig bok å lese for andre som har fått ein alvorleg sjukdom, både i forhold til korleis ein kan mestre på ulike måtar og ned til detaljar som fysiske symptom og vanskar som det kan vere vanskeleg.

 

Kilde: nr 11/2012 side 68

Tidsskriftet Sykepleien

 

Ei brå vending MS ‑ en ubuden gjest Av Beathe Reiert Nilsen

152 sider Licentia Forlag, 2011

ISBN: 978‑82‑8258‑043‑4

Anmelder: Anett Skorpen Tarberg, kreftsjukepleiar

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

22.11 | 12:16

Tusen takk May-Britt for hyggelig melding. Tenker mye på deg også. Trist at det er så lang avstansd mellom oss. Se i fotoalbumet. Bilde av vinteren i Bodø😄

...
21.11 | 11:41

Tänker ofta på er där i ert Norge. Önskar dig allt gott ...... Varma kramar! Här har vi vinterns första ordentliga snöfall.

...
23.03 | 19:16

Hej! Hur är det med dig? Saknar dig på Facebook.

...
16.08 | 15:18

Det va nån gode ord, Gerd Malen. Æ kjenn at æ bli ordfattig, skjønt du ska vit at det varme. Ønska dæ en flott dag - megaklæm t dæ😄😄

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE